KISS

Keep it simple stupid

Det enkle er ofte det beste. Eller som vi lærte på Industriell Design: Keep It Simple, Stupid. Det er ofte at interessante løysingar kjem ut av trange kår, at det kan vere nettopp avgrensingane som gir grobotn for nye, grensesprengande tankar. Den vanskelegaste oppgåva er ofte: Design kva som helst. Skriv om kva som helst. 

Etter andre verdskrigen hadde England færre ressursar enn USA til å utvikle ny teknologi. Ingen av dei britiske prosjekta som var i gong hadde spesielt mykje pengar. Dette førte til at dei måtte halde ting enkelt. Britane klarte å unngå tilbakeslaga som amerikanerane fekk i sine større og meir omkosta prosjekt. Slik vart det at dei to første datamaskinene som nokon gong vart ferdiglagd, vart laga i England*.

Ofte er enkle løysingar gode, men det kan vere vanskeleg å tenkje dei ut. Berre det å komme fram til “stored-program”-konseptet var veldig viktig i utviklinga fram til dagens datamaskin. Dette konseptet gjekk ut på at datamaskinas lagringseining skulle innehalde både programinstruksjonar og tal. Ei oppfinning på line med hjulet, i følgje Herman H. Goldstine (Ph.D. i matematikk): så enkelt, når ein først hadde tenkt på det.

Konseptet var i 1944 berre ei løysing på eit teknisk problem når det gjaldt å handtere talrekker, men seinare ville dette gjere det muleg for program å skape andre program – og slik vart frøet planta for programmeringsspråk og kunstig intelligens.

Ein enkel, men viktig tanke.

*“COMPUTER a history of the information machine” av Martin Campbell-Kelly og William Aspray, 2ed 2004.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *