Redd alfabetet!

I Saving The Alphabet av Alan Bigelow får bokstavane liv, før dei blir tatt av dage. Går det an å beskrive ein bokstav når han har forsvunne? Nei, sannsynlegvis ikkje. 

Etter kvart som ein les tekstane, legg ein merke til at bokstavane ein har vore innom, forsvinn inn i bakgrunnen. Det er ikkje mange bokstavar ein kan ta bort før tekstane blir uforståelege. Etter kvart som eg trykkar meg inn på fleire av bokstavtekstane blir eg medskuldig i bokstavane si forsvinning. 

Vi tar det som sjølvsagt at vi kan ha ei stemme, at vi kan formulere oss og få sagt det vi ønskjer. Men dette er ein verdi som det er viktig å vere klar over og ta vare på. Denne elektroniske teksten gir eit nytt syn på alfabetet og bokstavane som er så viktige for oss. Vi er heilt avhengige av desse grafiske linene som er sett saman til bokstavar som igjen blir sett saman til ord som vi kan forstå. Så merkeleg og fint, eigentleg, alfabetet vårt.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *