Bokstavdikt

Er det viktig at eit dikt er eit ope eller lukka verk? Er det viktig med tradisjon eller form? Meining eller meininglause, innhald eller mediumet det blir laga i? Skal diktet vere subjektivt eller objektivt, intellektuelt eller skrive med eit tjukt lag kjensler? 

Ana Maríe Uribe har laga verket (Gym 3) over, ho kallar det anipoems – dikt i rørsle. Ho gjer bokstavar om til ting. Gjer at dei får karakter. Ei minimalistisk utforsking av tid og rørsle. Treng eit dikt å vere djupt? Kanskje kan av og til ein overflatepoetikk vere nok. Det å sjå på ting og prøve å sjå kva for oppfatningar det førar til. Kva noko ser ut som, inneheld òg informasjon. 

(Balanse)

Kvifor ikkje fortelje historia om å bli forlatt, i tid og rørsle? Jeg-et er lite like etter at ho forlot “det”, men veks seg større:

Kanskje er det ikkje kruttet som er funne opp, men det bryt med vanlege måtar å fortelje på. Og nokre gongar kan det vere fint med heilt enkle gif-animasjonar for å få eit nytt blikk på verda vi har rundt oss. “Kva er meininga, kva er motivet?” – kan ein ofte spørje om. I nokre samanhengar kan sjølve meininga vere nokså meiningslaus og spørsmålet blir poenglaust. 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *