Med tida flyg teksten av garde

Det finst ein god del elektronisk litteratur som tar kontrollen over kor fort du må lese for å få med deg teksten. Eit døme er Star Wars, one letter at a time. Tittelen seier det som det er: I dette verket kan du lese Star Wars bokstav for bokstav, medan du høyrer korleis skrivemaskina operar. Du høyrer både bokstavane og mellomromma, og plinget når lina er ferdig. Som lesar får vi eit veldig smalt synspunkt. Det er vanskeleg å få auga til å halde følge med teksten. 

Young-Hae Chang Heavy Industries jobbar òg med lesetempo, i samband med musikk. I nokre av tekstfilmane er det umuleg å få med seg alt, i andre er tempoet rolegare. Kva gjer dette med leseopplevinga? Av og til får eg litt angst av det heile, eg klarer ikkje å halde følgje, kva seier alle orda eg går glipp av? Andre gongar lèt eg meg berre drive med, det er ikkje alltid naudsynt å få med seg kvart einaste ord.

Slike tekstar tvingar meg til å vere i augneblinken, eg må vere til stades her og no for det er no teksten er her, i neste sekund har han gått vidare. Kan ikkje dette minne om livet generelt? I livet er det jo ikkje slik at ein klarer å oppfatte alt som skjer rundt ein. Det går ikkje an å setje ein einaste augneblink på pause. 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *