Tenke gjennom teknologien

Verktøy formar oss. Korleis tenkje gjennom den digitale teknologien? 

Dei ulike måtane å skape tekst på, gjer noko med språket. Eg kjenner ein som alltid skreiv sine teatermanuskript for hand først, før han førte det inn på datamaskin. Tomas Espedal skriv sine manuskript på skrivemaskin.

Emily Dickinson fekk berre trykt nokre få av sine tekstar medan ho levde. Ho skreiv sine dikt for hand, og når dei skulle trykkast vart handskrifta hennar transkribert. Dickinson likte ikkje det, fordi teksten då vart annleis enn det ho hadde skapt. 

Er dette eit dikt eller er det ein del av eit brev? Skal det vere eit lineskift for kvar ny line? 

Morning

might come

by Accident –

Sister –

eller hadde ho skrive alt på ei line dersom ho hadde hatt plass til det? Er det tankestrek eller komma etter Accident? Det finst mange ulike versjonar av denne teksten. 

Då skrivemaskina kom, vart poesien transformert. Skrivemaskina gav forfattarar makt til å lage mellomrom. Dei kunne sjølv kode inn mellomromma og konstruere dikt som Buffalo Bill av E. E. Cummings.

Den originale bokforma

Nokre kan tenkje at den trykte boka, innbunde og handfast, er den originale og ekte versjonen av litteratur. Men trykke-teknologien er ikkje anna enn ein parentes i den lange historia til litteraturen. Det er berre naturleg at det digitale vil endre skrivinga.

Eg synst det er skummelt å sende frå meg ein tekst om eg ikkje veit akkurat korleis teksten er sett opp på kvar side. Mellomrom og avsnitt, lengde på spalta, storleik på bokstavar, kvar brotet på lina kjem – alt dette er ting eg er opptatt av når eg sjølv skriv. Innhaldet er sjølvsagt viktigast. Når ei bok grip meg, er det andre bilete enn ord på papir som dukkar opp i hjernen min. For at dette skal skje, er det viktig at teksten er sett opp på ein god måte. 

Då eg drøymde om å skrive ei skikkeleg bok, tenkte eg at den største augneblinken var når eg fekk halde boka i handa. Det var veldig fint då eg første gong fekk kjenne tyngda av Utfor og bla i ho, men det var faktisk då eg såg pdf av storleiken på boksidene og teksten min sett opp som i ei bok, at eg fekk det største gyset av fryd.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *