På ein sti til ukjend verd

Taiwan 2009 - Taroko Gorge

Korleis dikte om å gå ein tur? Korleis fange opplevinga frå ein fjelltur? I diktet Din veg av Olav H. Hauge er motivet ein fjelltur, brukt metaforisk:

Ingen har varda den vegen

du skal gå

ut i det ukjende

ut i det blå

 

Dette er din veg

berre du

skal gå den og det er uråd

å snu

 

og ikkje vardar du vegen

du hell

og vinden stryk ut ditt far

i aude fjell

Det er uråd å snu. Det er det òg i diktet Taroko Gorge av Nick Montfort. Det er eit dikt som blir generert kontinuerleg. Diktet gir meg ikkje tid til å setje meg tilbake og tolke. På ein måte er det avslappande, men det er frustrerande òg.

Korleis er det å gå i Taroko Gorge? Litt som dette diktet kanskje – eit langt arrangement av dei same elementa (rocks, stones, cliffs) og berre nokre få gongar kan du sjå apekattar. I så fall er du veldig heldig. Eg var tydelegvis heldig då eg gjekk inn på dette diktet tidlegare i dag. Eg såg apekatten to gongar.

Kanskje er eit uendeleg naturdikt måten å fanga ein fjelltur på? I alle fall er det eit interessant konsept. 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *