Tekstlege eventyr

Tekst kan vere eit svært kraftfullt medium og kan produsere oppslukande opplevingar. Dette fekk vi ein fin diskusjon på i e-litteraturforelesing, etter at heimeleksa var å spele MUD.

Hans Fredrik Dahl skreiv i Dagbladet at ”Musikk og musikkteknologi spiller større rolle for unge mennesker i dag enn dikt og diktsamlinger, mens visuell kultur vekker dypere fascinasjon enn verbal og litterær.” Det kan godt vere at dette stemmer på mange måtar, men eit visuelt spel har framleis mykje strengare grensar enn eit tekstleg spel.

Rollespel på nettet

MUD er ein form for tekstbasert rollespel som kan spelast over internett. MUD står for Mulit-User Dungeon og var av dei første nettverksspela som vart laga. Det ser sjølvsagt gamaldags ut, og det kjenst gamaldags, når eg spelar Dark Risings.

Alt eg har å halde meg til er tekst. For å navigere må eg kjenne dei riktige kodane. Eg brukte fleire timar på å komme meg gjennom øvingsrommet. Eg kan ikkje påstå at adrenalinet banka då eg drap fire monster ved å skrive: <k monster> fire gongar.

I starten er eg nøydd til å skrive ei skildring av karakteren min, og det blir sett visse krav til korleis dette skal gjerast. Eg blir ein medforfattar i spelet.

Visuelt vs tekstuelt

I eit visuelt spel blir det mykje klikking. Klikking for å velje mellom lyst eller svart hår. Klikking for å velje rustning eller skjortel. Annleis er det i det tekstlege universet. Eg må sjølv finne alternativa, og bruke ord til å skildre. Slik blir også mulegheitene mange fleire. Dette krev meir av spelaren, og fantasien må brukast. I tillegg gir MUD, sjølv om det er gammalt, eit større spelebrett enn dagens visuelle spel, fordi det er grenselaust, ope for fantasien.

Eg kjem nok ikkje til å få mange vakenetter fordi eg spele MUD, men eg kjenner meg godt igjen i det å bli så slukt av eit litterært univers at eg vil gå tilbake igjen og igjen. Det er nokre bøker som er vonde å avslutte. Når siste ord er lest, er det eit sakn som sit att i meg. Eg saknar karakterane og universet. Gjennom fanfiction kan karakterane bli vekt opp att, og universet bli levande att. Det same kan skje i eit dataspel. 

Ein stad las eg at det å sjå på TV krev like mykje (lite) av hjerna som å sove. Der får ein bilete, lyd og tekst saman. Og det er mykje flott å sjå på TV og film. Samstundes er det noko spesielt i det å drukne seg i ord, og få sine heilt eigne, eineståande bilete på netthinna. 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *