Absurde idear (data prehistorie)

Prehistoria til datamaskina har sjølvsagt ingen start. Vi står på skuldrane til gigantar. Desse gigantane står på skuldrene til andre gigantar. Og gigantane var vanlege personar, som åt og pusta, nett slik eg og du gjer. Dei utgjorde ein viktig del, sin del, i utviklinga.

Vi kan byrje med Demokrit, som funderte på korleis ting kunne delast opp. Finst det noko som er udeleleg (atomos)? Eller kva med Descarte som byrja å utvikle tankane slik at vi no kan snakke om kunstig intelligens? Eller innføringa av “0” i Europa? Dette talet for ingenting, talet for det som ikkje eksisterer. Leibniz bygde på kunnskapane til menneska før han, og viste fram det binære talsystemet 0-1. Lat oss starte her.

Dette talsystemet strekkjer ei line til England og Shakespeare. Der Leibniz i Tyskland kunne stille spørsmålet: Finst det (1) eller finst det ikkje (0)? Spurte shakespeare “Å vere eller ikkje vere”. Ein og null, på og av, sant og usant. Å vere og å ikkje vere. Slik kan ein seie at:

Du vil aldri møte ei meir filosofisk maskin enn datamaskina.

Men Leibniz (1646-1716) var heller ikkje den første som kom fram til det binære systemet. Før han, fanst Thomas Hariot (1560-1621), som ikkje berre skildra to-talssystemet, men òg tre-talssystemet, fire-talssystemet etc. Likevel var det ein absurd idé Leibniz hadde, då han tenkte at ved å bruke dette to-talssystemet kunne han designe kalkulatormaskiner av uendeleg storleik.

På ein måte kan ein seie at menneska tilpasser seg teknologien, fordi dei bygger på den teknologien som allereie finst, og utviklar denne. Ville det vore muleg å gå tilbake til “start”, ta bort den kunnskapen vi har no og velje ein annan veg? Det er merkeleg at fleire nyvinningar i teknologihistoria har skjedd nokså samtidig, men har blitt utvikla av menneske som ikkje har hatt kontakt med kvarandre, og budd i ulike land. Betyr dette at utviklinga ikkje kunne ha vore nokon annan?

Er teknologien eit produkt, eller er vi på veg til å bli eit produkt av teknologien? På facebook er det ikkje vi som er kunden, vi er produktet.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *