Cybertekst før og no

Ei investering av personleg improvisasjon som kan resultere i anten intimitet eller fiasko.

Det kan høyrest ut som skildringa av det å bygge relasjonar mellom menneske, men professor Espen Aarseth bruker desse orda til å seie korleis det er å prøve å bli kjend med ein cybertext. Våren 2012 hadde eg mitt første fag om elektronisk litteratur, og prøvde å setje meg inn i kva dette er. 

Forskjellane og likskapane mellom litteratur i nye media og i gamle. Finst det  forskjellar? Det kan verke opplagt at det er store forskjellar. Til dømes gjer datamaskina det muleg å lage ein tekst med lenkar (hypertekst), noko som kan gjere teksten til ein labyrint. Kvar lesar vel sin eigen veg, og får ei unik oppleving.

I vanleg forstand, er ein lesar nokså hjelpelaus. Han får gleda av ekspedisjonen, men kan ikkje endre retninga. På den andre sida står cybertekst-lesaren. For kvart val han tek, vil nokre tekstbitar bli meir, andre mindre, tilgjengelege. Han vil heile tida bli minna på vegvala han ikkje tok og han vil aldri få vite akkurat kva han har gått glipp av. Er det ikkje nett slik livet er?

Marcos Novak poengterar at ein datamaskin erstattar kvar konstant med ein variabel. Dette gir oss uendelege valmulegheiter. Ønskjer vi, eller treng vi, ein slik fridom? Pioneren i interaktiv filmlaging, Grahame Weinbren, argumenterar for at i relasjon med interaktive medium, medførar det å ta eit val eit moralsk ansvar. Forskning har vist at vi blir meir stressa av å ha mange valmulegheiter. Når det er mange mulegheiter, finst ikkje det optimale valet. Det vil alltid vere eit anna val som kunne ha vore like bra, eller betre.

Betyr dette at dei nye media bidrar til meir stress? Det viser seg at cybertekst ikkje er eit nytt fenomen, men at slike tekstar fanst lenge før datamaskinar. I Ching er ein cybertekst frå tida rundt det vestlege Chou dynastiet (1122-770 f.kr) og var skrive av fleire forfattarar. Aarseth gir fleire døme på slike tidlege cybertekstar i “Introduction: Ergodic Literature”.

Dette tyder på at dei nye media ikkje revolusjonerar litteratur, språk og samhandlingar, i ein så stor skala det kunne vere naturleg å tru. Dei nye media er ikkje så viktige i seg sjølv, heller ikkje som alternativ til dei gamle media. Men dei kan kanskje fortelje oss noko om prinsippa og evolusjonen av menneskeleg kommunikasjon.

  • Aarseth, Espen. “Introduction: Ergodic Literature” frå Cybertext: Perspectives on Ergodic Literature.
  • Manovich, Lev. “What is New Media?” frå The Language of New Media

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *