Språkleg leikeplass

Då eg gjekk på ungdomsskulen og ikkje fann andre som var like litteraturinteresserte som meg, fann eg eit samfunn på dikt.no. Denne nettstaden fungerte som ein skriveverkstad for meg i fleire år. Eg fekk utvikla språket mitt, lærte å få kritikk og forholde meg til ein lesar. I tillegg vart eg kjend med folk, gjerne folk eg ikkje ante korleis såg ut eller alderen til. I ettertid har eg møtt fleire frå dikt.no-tida, og det er interessant å oppdage at vi deler ei historie og ei tid frå eit samfunn som berre fanst på nettet. 

I Språknytt har eg skrive om korleis eg lærte at kvart einaste ord eg vel å bruke, seier noko om meg: Språkleg leikeplass

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *